17. mai, Fjelltun ungdomshus, Brekkhus i Voss, Hordaland.
gå mine ord, gå
modig, gå verdig
gå gjennom murar
gå gjennom tak, gå
utan reglar, gå utan redsle
syng blodet, syng sveitta
snakk sant, snakk ekte
gå mine ord, gå
til dei fortapte, gå
til dei som blei myrda fordi dei
opna munnen, gå mine ord
lag bråk, lag ståk
lag lyd, lag leven
gå mine ord, gå
med tempo, gå med tålmod
tal mot dei fanatiske
tal mot dei fantasilause
tal opent, tal klokt
gå mine ord, ver ein flamme
ver ein storm, ver ein vind
gå mine ord, gå
tekst av Frode Grytten
rett før slutt tar talarstolen til å sveve
i all si prakt, vektlaus nokre sekund:
«kjære alle saman!»
ein talarstol kan godt vere slarkete og sliten
gammal og full av skrammer
eg har bare eitt krav til talarstolen
at han også er for den desperate og stemmelause
at han finst for det folket som ikkje er folk
anna enn kvart fjerde år
ein talarstol kan vere umåla og laus og liten
og på skrå og på halv tolv
men han må stå støtt i stormen
han må vere for fleire enn dei
som vil komme unna eigne feil
som vil styrke eigen konto
som vil ha hemn, som vil ha korstog
talarstolen skal snakke med låg røyst
talarstolen skal snakke med høg røyst
talarstolen skal tulle og tøyse
talarstolen skal stå der, for dei skuffa og deprimerte
for dei unge og for dei gamle
talarstolen skal banke med stort hjarte
dette veit vi no
krigen treng alle mulige talarstolar
for å gå til krig
freden tar til
på
ein
einaste
talarstol
Tekst av Frode Grytten
Bæverhall, Bæverfjord i Surnadal, Møre og Romsdal.
talarstolen bjeffar
talarstolen føder
talarstolen kvittar seg med alle ungane
talarstolen et søppel
talarstolen et lik
talarstolen er full av liggesår
talarstolen angrip med lysande auge
dei gamle talarstolane, dei unge talarstolane
talarstolane flyktar over fjellet
talarstolane samlar seg på torg og i parkar
talarstolane virrar rundt som ein flokk med bikkjer
talarstolen tyt
talarstolen kokar over
talarstolen har 40 i feber
talarstolen overmannar oss
dei løgnaktige talarstolane, dei sannferdige talarstolane
talarstolen slåst
talarstolen kjempar
talarstolen flyttar verda
Tekst av Frode Grytten
“Det er slike åsteder for verbal kommunikasjon som er motivene for denne forunderlig originale og festlige utgivelsen, der fotograf Erlend Berge har reist rundt og foreviget forsamlingsplasser med tomme talerstoler, og Frode Grytten har tilføyd poetiske tekster med satirisk, ofte burlesk brodd.
På høyresidene fargerike, sylskarpe foto uten mennesker, til venstre tekster av varierende format og karakter. Sammen danner de oppslag som pirrer tankene og utgjør et vemodig, stilsikkert hele. Vi får se steder som er velkjente og steder omtrent ingen får se.
(…)
Disse montasjene, denne metoden, pirrer tilskueren/leseren til å tenke seg hva som kan ha vært sagt på disse talestedene, med famlende, nervøse, skråsikre, arrogante, hjelpeløse enkeltmennesker som skal samle oppmerksomheten fra like bortkomne tilhørere som kanskje tenker på alt annet enn det taleren tror hen formidler.
Denne boka er i det hele tatt et smålåtent storverk som jeg blar og blar i og aldri blir lei. Bedre kunne det ikke vært! Om ikke dette blir årets gavebok, vet jeg ikke om jeg skal le eller gråte. “
Anmeldt av Jon Rognlien i Dagbladet
UtstillingER
DOK24, Fredrikstad (12-30 september 2024)
Oslo Negativ, (12-27 Oktober 2024)
Trondheim Dokumentarfestival (11 November - 31 Desember 2024)
I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen. Kjensla av at noko er i ferd med å gå tapt sendte fotograf Erlend Berge ut på ei reise gjennom Noreg på jakt etter «det store oss» og «det vesle me». Kven var me eigentleg? Kor var me på veg? Kvar er me eigentleg no?
Erlend Berge voks opp på Heia i Strand kommune og bur i Oslo. Med fotoboka Sjå, eg kjem snart! fortalde Berge historia om bedehusa og ei landsdekkande rørsle som er i ferd med å forsvinne. Han er ingen talar, men etter 40 år tala han for første gong i sitt eige bryllaup. Det gikk fint.
Frode Grytten voks opp i Odda og bur i Bergen. Han har vore journalist og er no forfattar. Han har skrive i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort lesande publikum. Bøkene hans er omsette til 24 språk. Grytten har halde ein 17. mai-tale i sitt liv, og då snakka han mest om ishockey.
Vinner av Dokumentar Norge i Årets bilde.